Kurs og utdanning - voksenopplæring

Vi tilbyr gratis vidaregåande opplæring for voksne. Undervisninga kan føre fram til fagbrev, yrkes- eller studiekompetanse.

Vidaregåande utdanning for vaksne

Vi tilbyr teorien du treng for å ta fagbrev eller generell studiekompetanse som vaksen. Les meir om korleis du søker og kva dokumentasjon du må sende.

Vidaregåande opplæring for vaksne skuleåret 2020 til 2021

Vi tilbyr vidaregåande utdanning for vaksne med oppstart hausten 2020. Nedanfor finn du oversikt over faga og kva senter som tilbyr utdanninga. Søkarar med voksenrett blir prioriterte og du kan søke i vigo.no til Voss gymnas, Sotra, Stord og Åsane vgs. Bergen Katedralskole bruker eige søknadsskjema.

Når kan eg søke?

Du kan søke fram til 1. mai 2020 på fagtilbod som ikkje er fullteikna.
Grunngjevinga for å utvide tida er at vaksne skal få ro til å søke utdanning i ei tid der kvardagen har endra seg som følge av tiltak for å hindre spreiing av koronavirus.
Ver merksam på at nokre opplæringstilbod kan vere fullteikna og difor ikkje er ope for søking etter ordinær søknadsfrist som er 1. april. Informasjon om dette kan du finne på nettsida til det einskilde senter. Kontakt vaksenopplæringssentera direkte på epost eller telefon dersom du har spørsmål eller behov for studierettleiing.

 

Bygg- og anleggsteknikk

Design og handverk

Helse- og oppvekstfag

Naturbruk

Restaurant- og matfag

Service og samferdsel

Teknikk og industriell produksjon

Studiekompetansefag

Bygg- og anleggsteknikk

Elektrofag

Helse- og oppvekstfag

Naturbruk

Restaurant- og matfag

Service og samferdsel

Teknikk og industriell produksjon

Studiekompetansefag

  • Engelsk
  • Historie
  • Matematikk
  • Naturfag
  • Norsk
  • Samfunnsfag

Bergen Katedralskole tilbyr alle seks studiekompetansefaga. Sotra vgs Stord vgs og Voss gymnas tilbyr studiekompetanse over to år. Les meir på nettsida til sentera.

Søknadsfrist

Søknadsfrist for opplæring som startar hausten 2020 er 1. april. Du søker gjennom vigo.no eller via nettsiden til skulane. Bergen katedralskole har eigne søknadsskjema.

Søkarar med vaksenrett blir prioriterte ved inntak, men alle kan søke.

Opplæring saman med lærlingar

Har du erfaring frå eit yrke som ikke står på lista? Då kan du søke om opplæring saman med lærlingar. Det er eit krav at du har nok erfaring frå yrket.

Bygg- og anleggsfag

  • Byggdriftarfaget, industrimalarfaget, murarfaget, malarfaget, rørfaget, Åsane vgs

Design og handverk

  • Frisørfaget, opplæring med lærlingar, Åsane vgs

Elektrikarfaget

  • Dataelektronikarfaget, opplæring med lærlingar Åsane vgs

Restaurant- og matfag

  • Kokk, institusjonskokk, servitør, opplæring med lærlingar Åsane vgs\

Service og samferdsel

  • Logistikkfaget, opplæring med lærlingar Åsane vgs

Teknikk og industriell produksjon

  • Bilfaget, lette kjøretøy, bilfaget, tunge kjøretøy, billakkerarfaget, bilskadefaget, CNC-operatør, gjenvinningsfaget, industrimekanikarfaget, produksjonsteknikk, opplæring med lærlingar Åsane vgs

Søk innan 1.april for fag som startar i august.

Vi prioriterer søkarar med vaksenrett, men alle kan søke. Du kan søke via nettsida til senteret som tilbyr faga eller via lenka på denne sida. Det er senteret som handsamer søknaden. Utdanninga er gratis for alle som får plass. 

Har du spørsmål om opplæringa kan du kontakte vaksenopplæringssentera direkte.

Bruk retten din til å fullføre vidaregåande opplæring gratis. Vi tilbyr yrkesfag og studiekompetansefag.

Kven kan søke?

Utdanninga rettar seg mot vaksne som ikkje har fullført vidaregåande utdanning tidlegare, og har  lovfesta rett til gratis vidaregåande opplæring, såkalla voksenrett. Alle kan søke, og undervisninga er gratis for alle som får plass. Søk via nettsida til senteret som tilbyr utdanninga (nedanfor).

Opplæring på deltid

Erfaren, men ufaglært? Vi tilbyr teorien til fagbrevet på deltid over eitt år, 1-2 dagar / kveldar i veka. Utdanninga passer for deg som vil ta fagbrev som praksiskandidat. Du kan òg ta studiekompetansefag på deltid.

Full opplæring - for deg utan arbeidserfaring

Vi tilbyr full opplæring over fleire år i utvalde fag. Informasjon om opplæringa kan du finne på nettsidene til senteret som tilbyr faget.

Opplæring saman med lærlingar

Vi tilbyr gratis opplæring for vaksne saman med lærlingar i yrkesfag der det er mogleg. Meir informasjon kan du finne på nettsida til sentra som tilbyr utdanninga. Dette gjeld for deg som har lang erfaring frå yrket og skal ta fagbrev som praksiskandidat. Det er eit krav at du har nok relevant yrkespraksis

Undervisning for vaksne

Undervisninga i dei fleste kurstilboda er komprimert og basert på at deltakarane har erfaring frå yrket.

Opplæringa kan elles variere frå individuell rettleiing til større og meir tradisjonell utdanning. Opplegget skal så langt mogleg vere tilpassa den einskilde sin arbeids- og livssituasjon.

Har du voksenrett kan du òg søke opplæring i fag som ikkje står på lista. Vi tilbyr dessutan gratis vurdering av realkompetanse for deg som har voksenrett.

Voksne har rett til gratis vidaregåande opplæring frå dei fyller 25 år

Arbeidserfaring

Undervisninga er komprimert og bygger på at deltakarane har erfaring frå yrket. Yrkeserfaring må du sjølv skaffe.

Eit tips kan vere å kontakte opplæringskontoret for yrket ditt, eller å ta kontakt med bedrifter som er godkjente lærebedrifter i faget. Oversikt over dette kan du finne på Vilbli.no

Finn lærebedrifter og opplæringskontor i Hordaland

Ta fagbrev som praksiskandidat

Du kan ta fagbrev som praksiskandidat viss du kan:

  • dokumentere om lag 5 år med allsidig erfaring frå yrket
  • dokumentere bestått tverrfagleg eksamen i lærefaget (VG3-nivå)

Teoriopplæringa vi tilbyr fører fram til tverrfagleg eksamen i lærefaget på Vg3-nivå. Som praksiskandidat er du friteken for fellesfaga.

Ta fagbrev som praksiskandidat

Ta studiekompetanse

Du må ha studiekompetanse for å søke høgare utdanning på universitet eller høgskule.

Du kan ta studiekompetanse etter 23/5-regelen frå det året du fyller 23. Då treng du dei seks studiekompetansefaga: Norsk, engelsk, matematikk, naturfag, historie og samfunnsfag.

Studiekompetanse for deg over 23 år

Finansiere utdanning

Voksne som får stønad frå NAV må undersøke med sitt NAV-kontor om stønaden held fram under opplæring.

Dei fleste utdanningstilboda våre er på deltid, ein til to gonger i veka, og kan kombinerast med jobb. Du kan og søke om støtte hos Lånekassen.

Søk støtte hos Lånekassen

Spør oss

Send spørsmål til voksenopplæringa

Send oss eit spørsmål viss du lurer på noko. Vi svarer deg så snart vi kan.

Kontakt oss viss du ikkje kan finne lærefaget du ønsker. Har du voksenrett tilpassar vi opplæringa til din arbeids- og livssituasjon så langt mogleg. Kontakt ditt næraste senter for voksenopplæring med spørsmål om dette.