Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

praktisk informasjon

Open dag

Onsdag 10. februar opnar me  skulen for alle som vil finne meir ut om  utdanningstilboda våre, anten du er elev i ungdomsskulen eller går på vidaregåande.  Her kan du sjå program for open dag.

Medie og kommunikasjon

Som einaste skule i Sunnhordland tilbyr me VG1 Medie og kommunikasjon som frå hausten av blir eit studieførebuande utdanningsprogram.

 

Vigo er no open for søknad

Søknadsfristar: 
1. februar: Søknadsfrist for særskiltsøkjarar og minoritetsspråklege
1. mars: Søknadsfrist for ordinære søkjarar

Søkjarhandboka  er komen. Der finn du nyttig informasjon om utdanningstilboda både på vår skule og dei andre vidaregåande skulane i fylkeskommunen.

Vis Søkjarhandboka 2016

Sjå fleire saker

Stord vgs fekk stor merksemd på utdanningsmessa

Stord vgs fekk stor merksemd på utdanningsmessa

Den tradisjonsrike messa på Vikahaugane hadde i år rekordhøg deltaking. Skulen deltok med stand og to ungdomsbedrifter, og mange var i sving for å fortelje om dei ulike utdanningsprogramma våre. Elevar frå studiespesialiserande laga is, og besøkjande fekk testa kunnskapar med kahoot. Medieelevar viste film og informerte om det nye utdanningsprogrammet for mediefag.

Vann filmtevling om fagopplæring

Vann filmtevling om fagopplæring

Fem elevar i 2MK vann i slutten av desember 2015 ei filmtevling utlyst av Fagopplæringskontoret i Hordaland fylkeskommune. Sigeren sikra deltakarane eit solid bidrag til reisekassa som skal betale studietur til London våren 2016.

Sjå fleie saker