Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Garnes satsar på E-sport!

Bakgrunn_Utsnitt2.jpg

Hausten 2016 blir det oppretta programfag i E-sport på Garnes vgs. Garnes blir dermed den fyrste vidaregåande skulen i landet som tilbyr dette.

E-sport er, enkelt forklart, ei samlenemning for ulike former for dataspelkonkurransar. Fenomenet har i løpet av få år blitt ekstremt populært på verdsbasis. I 2014 var det 89 millionar menneske som følgde E-sport tett, og innan 2018 er det forventa at dette talet har stige til 145 millionar. E-sport er på kort tid blitt større enn tradisjonelle idrettar som langrenn, ishockey, alpint og tennis, og topputøvarane i E-sport er internasjonale superstjerner, som kan tene millionar på idretten sin.

Toppidrett

E-sport vil inngå som ein del av toppidrettstilbodet på Garnes vgs. I fyrste omgang vil faget berre vere tilgjengeleg for elevar som søker seg inn på vg1 frå hausten 2016, men på sikt er planen at det skal bli eit valfritt programfag på alle trinn. Skulen har publisert eit skjema på nett, der elevar som vurderer å søke kan registrere seg. Her er det viktig at ein også kryssar av for kva slags spel ein ønskjer å fordjupe seg i. Titlane ein kan velje imellom er CS: GO, LOL, DOTA og SC2. Skulen kjem til å opprette klassar for to av desse spela. Skjemaet finn du her.

Bakgrunn_Utsnitt.jpg

 Skulelag

Skulen vil opprette eit eige spelrom med stasjonære spelmaskiner, og det blir danna skulelag som får høve til å delta i ulike turneringar. På timeplanen vil E-sport toppidrett utgjere fem skuletimar i veka, men elevane får tilgang til spelrom og spelmaskiner også utanom skuletid. Søkarar som ønskjer å ta E-sport toppidrett, må i fyrste omgang søke enten medium og kommunikasjon (MK) eller studiespesialisering (ST) på Garnes vgs via vigo. Søknadsvindauget opnar 10. januar.

Sjå teaseren vår her.