Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

praktisk informasjon

Kvifor velje Manger ?

Manger folkehøgskule er for deg som vil utvikle talentet ditt i eit kreativt miljø. Du møter erfarne og dedikerte lærarar som dekker eit breitt fagområde.

  • Skulen har moderne utstyr og fasilitetar
  • Du er tett på Bergen sitt kulturliv
  • Studietur er inkludert i prisen
  • Liten skule - tett miljø
  • Eit år med opplevingar, progresjon og læring
Her finn du oss

Søk Manger folkehøgskule!

Opptaket skjer på bakgrunn av søknaden din og det du skriv om motivasjon, interesse og forventningar. Gje utfyllande opplysningar om bakgrunnen din og om kvifor du søkjer folkehøgskule generelt og den aktuelle faglinja spesielt.

  • Opptaket startar 1. februar.
  •  Aldersgrensa er 18 år. Det kan gjerast unntak i spesielle høve.
  • Søknaden må vera fullstendig. Fyll ut alle felt.
  • For fleire detaljar; sjå "Opptakskriterium" under.
Send søknad!

Aktuelt

Prosjektveka er i gang

Prosjektveka er i gang

Denne veka er det duka for den årlege prosjektveka på Manger folkehøgskule. I løpet av veka skal elevane lage og øve inn ei framsyning som skal visast i storsalen fredag 12.februar. Årets førestelling har fått tittelen ”På randen av tilværelsen”.

Folkehøgskulane best i test

Folkehøgskulane best i test

Ei undersøking gjennomført av EPSI viser at folkehøgskuleelevar for andre året på rad er Noregs mest fornøgde elevar. I tillegg overgår folkehøgskulane i stor grad elevane sine forventningar. På dei aller fleste områda i undersøkinga ligg Manger folkehøgskule over det nasjonale snittet for folkehøgskulane.

Sjå fleire saker