Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

praktisk informasjon

Ønskjer du meir praktisk utdanning?

Som ein av to skular i Hordaland, vil KVV tilby ei ordning med praksisbrev frå hausten av.

Praksisbrev er eit særleg tilrettelagt toårig opplæringsløp. Opplæringa er i utgangspunktet open for alle, men er særleg retta mot dei som etter avslutta grunnskule ønskjer ei meir praktisk opplæring enn fullt fagbrev, i løpet av fire år.

Etter fullført praksisbrev skal eleven kunne fortsetje opplæringa og oppnå full kompetanse innan faget i løpet av ordinær opplæringstid i vidaregåande opplæring.

Skulen vil invitera aktuelle elevar og føresette til samtale om ordninga i løpet av våren. Dei mest aktuelle yrkesfagretningane ordninga vil gjelda hjå oss, er Service og samferdsel, Bygg- og anleggsfag og Restaurant- og matfag.

Treng du meir informasjon? Kontakt ein av rådgjevarane våre. Kontaktinfo til dei finn du her.

Søknadsfristar til høgskuleutdanning

Søknad: Det er to søknadsfristar, (1. mars) og 15. april.

1. mars var søknadsfristen for deg som skulle søkja Politihøgskulen, eller luftfartsfag ved UiT Norges arktiske universitet. Same søknadsfrist om ein søkte opptak etter særskilt vurdering, om du har utanlandsk vidaregåande utdanning (ikkje Norden) og om du søkjer med realkompetanse. For alle andre søkjarar er søknadsfristen 15. april.

Du finn nærare informasjon og søknadsskjema på sidene til www.samordnaopptak.no

Aktuelt

Vg2 byggteknikk har bygd naust i produksjonsfaget

Vg2 byggteknikk har bygd naust i produksjonsfaget

Vg2 byggteknikk har bygd naust i produksjonsfaget. Dei gratulerar Audun Øvretveit med tett tak på det nye naustet og takkar for den flott kransaskålen dei fekk. Sjå fleire bilete inne i saka.

Fagdagen "Rus og psykisk helse"

Fagdagen "Rus og psykisk helse"

Fagdag på KVV Onsdag 16 mars vert det fagdag på KVV med temaet rus og psykisk helse. Fagdagen er eit samarbeid mellom kommunen, politiet og KVV

Sjå fleire saker